Ordet
kultur kan jo bety svært mykje. For 30 år sidan var det allereie over 150
definisjonar på kva kultur var. På grunn av dette har eg valt og berre ta nokre
eksemplar på kva som appellerer og inspirerer nasjonalsosialister, satanistar
og nynazistar.
Eit
eksempel er symbol. Symbol var veldig viktig for samhørighet i norrøn kultur og
også følinga av tilhøyring. Mange norrøne symbol går igjen i fleire kulturar i
dag.
Eit
eksempel er dette symbolet, også kalla solkorset eller hakekorset.
Symbolet er eit innrissa hjul
med fire eikar som symboliserer sola eller himmelen i norrøn kultur. Dei fleste
i dag vil eg tru har kjensle til dette symbolet, men får ikkje assosiasjonar
til sola når dei ser symbolet. Det er fordi dette er hovudsymbolet i
nynazismen, der kalla hakekorset. Tyske nazistar tok i bruk hakekorset rundt
1920 og brukar det framleis den dag i dag. Det tyske nasjonalsosialistiske
arbeidarpartiet NSDAP tok i bruk dette hakekorset som sitt symbol i 1920. I
følgje leiaren, Adolf Hitler, var denne versjonen av solkorset valt ut og
utforma av han sjølv. Hakekorset er framleis nazismens hovudsymbol og er i dag
forbode i nokre land.
Det er
mange i dag som meiner at dette symbolet er blitt misbruk, at vi får feil
assosiasjonar til det. Symbolet symboliserer ikkje lenger sol, men noko heilt
anna for mange menneske.
Eit anna
eksempel er runer. Runer var jo skriftspråket i norrøn mytologi, og det seies
at det var Odin sjølv som fekk openbart runene. I dag blir runer, spesielt
”siegrunen”, brukt i nynazismen.

Runer
blei også tatt i bruk sjå nasjonalsosialisten, Anders Behring Breivik. I følgje
VG har Breivik rissa inn runer i våpna som blei brukt på Utøya 22. juli.
Politiet fant ei Ruger Mini 14 rifle og ein Glock 17 da Breivik blei arrestert
etter terroren på Utøya 22. juli.
På rifla hadde Breivik rissa inn
”Gungnir” og på Glocken ”Mjöllnir” som er to veldig kjende våpen i norrøn
mytologi. Våpna tilhøyrar den kjende norrøne guden, Tor. Breivik skriver også i
sitt manifest at han har stor respekt for den odinske tradisjon. ”Jeg betrakter
meg selv som kristen, men odinisme er fortsatt en viktig del av min kultur og
identitet”.
Kjelder:
http://www.arild-hauge.com/symbol.htm
http://no.wikipedia.org/wiki/Norr%C3%B8n_mytologi
http://no.wikipedia.org/wiki/Nynazisme
http://no.wikipedia.org/wiki/Sigrune
http://www.dagbladet.no/2011/11/18/nyheter/innenriks/terror/terrorangrepet/anders_behring_breivik/19058122/
Kjelder:
http://www.arild-hauge.com/symbol.htm
http://no.wikipedia.org/wiki/Norr%C3%B8n_mytologi
http://no.wikipedia.org/wiki/Nynazisme
http://no.wikipedia.org/wiki/Sigrune
http://www.dagbladet.no/2011/11/18/nyheter/innenriks/terror/terrorangrepet/anders_behring_breivik/19058122/
Sjekk det med solkors en gang til, det du har bilde er vel hakekors og det er ikke det samme?
SvarSlett