torsdag 15. november 2012

Bloggoppgåve 6


Gruppeoppgåve om renessanse og reformasjon - Miguel Cervantes
Miguel de Cervantes Saavedra blei født 29. september 1547 i Alcalá de Henares og daude 23. april 1616. Han levde eit forhaldsvis spanande liv med mange opplevingar. Ifølgje Wikepedia var han soldat for Italia i religionskrigen mot Tyrkia, kor han både blei beskutt og teken til fange av piratar. Gjennom fangenskapen blei han sett til slavearbeid i Algerie. Han hadde fleire fluktforsøk frå slaveleiren i Algerie før han endelig blei kjøpt fri. Cervantes reiste deretter heim til Spania og jobba som tenestemann, det var først då han byrja å skrive. Det er nemleg verka hans og derfor romanen si historie vi skal sjå på gjennom teksten.

Don Quijote
Det og mest godkjente litterære verket til Miguel Cervantes er novella, eller rettare sagt romanen; “Don største Quijote”. Boka blir omtalt som den fyrste moderne romanen# og set eit grunnlag for framtidige romanar, verda over. Definisjonen på “roman”, har til i dag utvikla seg til å innebera alle lengre oppdikta prosaforteljingar#. Sjølv om Miguel Cervantes ikkje gjekk ut ifrå at novella hans skulle vera ein roman, har samfunnet etter kvart utpeika forteljinga til å bli det fyrste verket i denne store og populære sjangaren.     

Historisk bakgrunn
Don Quijote blei utgitt i siste del av “Det gyldne århundre”, altså den litterære og kulturelle gullalderen i Spania. Cervantes har brukt mange element frå hans verkelege liv i boka “Don Quijote”, og han blei kjend allereie etter at den fyrste boka hans blei utgitt.

På 1600-talet, då Cervantes levde, opplevde Spania si verste nedgangstid. Den enorme veksta Spania hadde hatt etter Christoffer Columbus sine oppdagingar i Amerika, som gjorde Spania til det mektigaste landet i den vestlege verda, blei snudd heilt på hovudet. Spania opplevde økonomisk kollaps og enorm befolkningssvikt då folk byrja å flytte til koloniane i Amerika, som igjen blei meir og meir eigenrådige. Ei viktig årsak til flyttingane var på grunn av at byar og bygder blei ramma av pest og hungersnaud.

Boka illustrer begge verdane i Spania på den tida. Då Cervantes skreiv boka, var óg Spania i ferd med å gå over i ei ny tid og Cervantes prøvde å skape ein diskusjon om menneskeleg identitet, moral og kunst innan denne tida i stadig endring.# Han skreiv om den spanske ridder som skal ut og slåss, som heile tida ser etter ein fiende som han ikkje kjennar og ender opp med å slåst mot vindmøllar i ei verd han ikkje kan forstå# - med andre ord, eit bilete på Spania og spansk politikk i hans tid.

Sjølv om renessansen gav opphav til ein ny måte å skrive på, var det fortsatt historiane om helteriddarar og udødeleg og ulovleg kjærleik som var mest populær og som dominerte stort.
Den fyrste delen av Don Quijote er derfor meint som en parodi på ridderromanenes usannsynlege eventyr og stil, men den utvikla seg óg underveis til å bli ein allsidig skildring av det spanske samfunnet og dei historiske hendingane i Spania på Cervantes si tid.# Cervantes inkluderar også sosiale og religiøse kommentarer i boka der han for eksempel kritiserar klassestrukturen i det spanske samfunnet.

Boka har blitt oversett til mange forskjellige språk, blant anna italiensk, engelsk, fransk og russisk. Den har óg blitt gjort om til en opera, ballett, dikt, filmer og teaterstykke - med andre ord verker det som om at Don Quijote er udødeleg. Kvifor?

Don Qujiote - udødeleg?
For 6 år sidan blei det gjort ei kåring av tidenes mest lesverdige bok kor 100 anerkjente forfattarar frå meir en 50 land utgjorde juryen. Vinnaren var suveren - nemleg den 400 år gamle Don Quijote.
Det som har appellert og appellerar til folk den dag i dag er utvilsomt dei to hovudpersonane - motsetninga mellom realisme og idealisme. Vi møter altså livets sterke motsetningar - den gamle ulenkelige riddar og idealist, og hans lille væpner og realist. Den eine ser det han trur på, den andre trur bare på det han ser. Dette appellerar til folk på grunn av at dei kjennar seg igjen, vi har alle noko av dei begge i oss. Motsetnaden mellom idealisme og realisme inspirerar óg i dag mange kunstarar.


Per Gynt og Don QuijoteDon Quijote kan óg bli samanlikna med Per Gynt fra det verdskjende diktet “Peer Gynt” av Henrik Ibsen. Don Quijote og Per Gynt er på mange måtar veldig forskjellige, men dei har også ein del til felles. Begge karakterane er enormt viktige figurar innanfor litteraturhistorien. Dei er óg veldig eventyrlystne, dei manglar til dels sansen for realitetar og begge forlatar det kjente i søken etter noko større og bedre. “Peer Gynt” inneheld óg psykologi og mykje symbolikk, som i Don Quijote. I det “filmatiske manuset smelter poesi saman med samfunnslitteratur og realistiske scener saman med surrealistiske”.

Ein inspirasjon for framtida
Miguel Cervantes har spelt ei stor rolle i europeisk samanheng. Som tidlegare nemnt, er det laga film, teaterstykkjer, opera, dikt og til og med teikneseriar av novella «Don Quijote». Det er tydeleg at verka hans ikkje har gått av mote.# Over hundre år etter Cervantes sin død, finn vi eit eksempel på korleis diktinga hans påverka andre i Europa. Ein brite med namnet Tobias Smollet endra sine eigne litterære tradisjonar radikalt, som følgje av påverking av Cervantes.# Han skreiv for eksempel: «Eventyra til Peregrine Pickle», som igjen var med på å påverka Charles Dickens sitt forfattarskap.#
  Påverknaden frå Cervantes sine verk, strekk seg lenger enn Europa sine landegrenser. Teoretikaren Gyorgy Lukas er ein blant mange som ser på Miguel Cervantes som den første roman-forfattaren i verda, men mange kritikarar er uenige og påstår at romanar blei skrivne av fleire ulike personar, på ulike stadar, til ulike tider, kanskje før Cervantes si tid. Dersom vi går ut ifrå at Cervantes var fyrst ut med romanskriving, kan vi trygt seie at han har gjort sitt for å forme litteraturen i dag, til det den er.

Den mexicanske forfattaren Carlos Fuentes meiner at Miguel Cervantes er grunnleggjaren for latin-amerikansk litteratur.# Sidan 1976 fram til i dag har det blitt tildelt ein pris for bra forfattarskap til ære for Cervantes. Miguel Cervantes prisen blir årleg tildelt til personar i Spania og Sør-Amerika, av kulturdepartementet i Spania.#

Gjennom novellene Cervantes skreiv, belyste han mange forskjellar i samfunnet. På denne måten fekk han folk til å bli i tvil om tidlegare verdsbilete, slik at dei måtte spørje seg sjølv om kva for ein tenkjemåte som var best. Miguel Cervantes såg på saker frå mange vinklar, noko vi i dag har teke stor lærdom av.     

Sokrates og Miguel Cervantes
På mange måtar fungerte funksjonen til Miguel Cervantes som då Sokrates gjekk rundt i gatene i Aten og intervjua folk. Sokrates vandra rundt og kom med tankjevekkande utsegn som fekk fleire til å revurdera meiningane sine. Dette gjorde óg Cervantes, men forskjellen var at i staden for å tale direkte til personar, brukte han ei skriftleg tilnærming. På denne måten påverka han ikkje berre menneske som levde rundt han og i samtida hans, men han kunne nå folk over eit større geografisk område og over ein lengre tidsperiode. Grunnen til at vi i dag har høyrt om Sokrates, er fordi læresveinen hans Platon skreiv ned det han gjorde og sa.#

Miguel Cervantes - Viktig person
Etter ein har fordjupa seg i livet til Miguel Cervantes finn vi at han har levd eit spanande og inflytelsesrikt liv. Han har hatt mykje å seie for litteraturen vi les og skriv i dag, kven veit korleis den ville vore utan påverking av Miguel Cervantes.

tirsdag 23. oktober 2012

Bloggoppgåve 4




Middelalderdiktinga har vært en tydelig inspirasjon for fantasysjangeren spesielt og populærkulturen generelt (teikneseriar, Holywoodfilmar, dataspill, fantasybøker  osv).

Kva er middelalderdikting?
Som tidlegare referert, i ”Bloggoppgåve 3”, varte middelalderen frå år 500 til ca. 1500 år e.Kr. Med andre ord så var middelalderen ein epoke som strekk seg over 1000 år. Derfor er det ikkje berre ein
litteraturform frå denne tida, men mange. Alle desse litteraturformane er ein del av middelalderdiktinga:
·      Religiøs dikting
·      Verdslig dikting
·      Høvisk dikting
·      Kvinnelitteratur
·      Allegori
·      Norrøn litteratur
·      Austleg epos
Mykje av det som er nedskrive frå middelalderen er religiøst. Grunnen til dette var at det var for det meste berre prester og hoffmenn som kunne skrive på den tida. Dette har spesielt påverka poplærkulturen nå i dag.

Ein ridder blir bada. Ridderforteljingar og høvisk diktning var populært i middelalderen


Hvordan har middelalderdiktinga påvirka populærkulturen?
Populærkultur i følge wikipedia: ” Populærkultur er en fellesbetegnelse for kulturelle sjangre, uttrykk og områder som har vid utbredelse og stor popularitet, for eksempel pop- og rockemusikkkiosklitteraturukebladertegneserierfilm og tvdataspill og internett. Populærkultur står særlig sterkt blant ungdom.”

Dette vil si at det er enorm mykje som ligg i ordet ”populærkultur”. Derfor har eg valt og berre greie ut om film og dataspel, fordi eg meiner at desse er mest påverka av middelalderdikting.

Film:
Det er tydeleg at middelalderdiktinga har påverka kjente filmar nå i dag. Det har vært og er ennå veldig populært å lage såkalla ”middelalderfilmar”, der settinga er middelalder. Typiske eksempel er:
·      Den 13 krigaren
·      Braveheart
·      Kingdom of Heaven

Dersom vi ser vekk ifrå settinga ”middelalder”, og for eksempel ser på nokon heilt typiske Hollywood-filmar, kan vi også finne kjenneteikn frå middelalderen. Eit eksempel er ”Titanic”. Når du ser denne filmen får du kanskje ikkje assosiasjonar til middelalderen, men dersom du tenkjer over det, har kanskje denne filmen også blitt inspirert av middelalderdiktinga. Det eg tenkjar på er den forbodne kjæreiken, som er veldig typisk i middelalderdiktninga – i høvisk litteratur. I middelalderdiktinga var det også ganske vanlig å skrive om store heltar og riddarar, og dette er for det meste filmar handlar om no i dag. Enten kjærleik eller store heltar. Nokre eksemplar av dette:
·      Avatar
·      Batman
·      Romeo og Julie
·      Twilight
·      Superman
Titanic

(ikkje ferdig)


BLOGGOPPGÅVE 5

 Lag eit tankekart over stoffet i Spenn 27-48

onsdag 12. september 2012

Bloggoppgåve 3 DEL 1


Bloggoppgåve 3
DEL 1:
På kvifor ein måte endra Gutenbergs oppfinning den vestlige verden?

Johann Gutenberg var ein tysk gullsmed og metallurg, og er berømt for oppfinninga av boktrykkjarkunsten.
Det er mange menneske i dag som meiner at boktrykkjarkunsten er verdens viktigaste oppfinning. Kvifor meiner dei dette?

Johann Gutenberg

Før boktrykkjarkunsten kom, rundt 1400-talet, var bøker eksklusivt og dyrt som bare få menneskje tok seg rå til å eige. Dette var fordi bøkene blei skrivne for hand og det var ofte mange dekorasjonar og illustrasjonar som gjorde at det tok enda lengre tid å lage dei. Dette gjaldt ikkje berre originalen, men også alle kopiar som blei laga.

Boktrykkjarkunsten blei som tidligare referert, funne opp rundt 1450, mens reformasjonen, renessansen og oppdaginga av den nye verda kom omtrent 50 år seinare. At det er ligg ein samanheng her, er ikkje vanskeleg å legge merke til.


Det Gutenberg gjorde med si oppfinning var å gjere bøkjer tilgjengelege for alle, bøkjer blei trykkja i ei mengd man ikkje kunna ha førestilt seg tidlegare. Dette førte igjen til at informasjon og kunnskap blei spreidd meir enn før. Bøkene blei omsette til mange språk – folk kunne derfor lese bøker på sitt eige morsmål, altså fleire folk kunne lese bøker. At informasjon blei spreidd raskare, førte til at idear kunne spreie seg raskare som igjen førte til ein utruleg vekst i utviklinga av alle typar vitskap, kunst, filosofi og alt anna man kunne skrive bøker om.
Dette visar at boktrykkjarkunsten nesten var grunnlaget for sjølve moderne verda.

Nyare historisk forsking har også funne den viktigaste faktoren for at reformasjonen brøyt ut akkurat på denne tida; boktrykkjarkunsten.
Det som skjedde med dei 95 tesane, illustrerer veldig godt kor enormt avgjørande den nye oppfinninga var. Med boktrykkjarkunsten kunne Luther dele sine ord og idear mykje raskare enn før, men også på mange forskjellige språk, slik at han nådde ut til ei mykje større gruppe folk. På denne måten utbreidde protestantismen seg stort rundt i Europa.

Folk fekk også mykje kunnskap om naturvitskapen – dei fekk eit nytt verdsbilete. Det var rundt denne tida at folk fekk vite at det var sola som stod i sentrum og ikkje jorda. Denne teorien kunne astronomar rundt i Europa studere og vidareutvikle, på grunn av kopier av som blei laga frå originalen. Dette altså igjen på grunn av boktrykkjarkunsten.  

Kjelder:
http://lektorsalen.wordpress.com/2008/12/12/renessanse-og-forklaring-boktrykkerkunstens-betydning/
http://infodesign.no/artikler/medieytring_3_3.htm
http://www.adressa.no/meninger/article1558101.ece
http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Gutenberg

onsdag 5. september 2012

Bloggoppgåve 2


DEL 1
Kva meiner vi med Middelalderen?

MIDDELALDEREN
betegner i europeisk historie perioden fra antikkens avslutning til tidlig moderne tid eller renessansen”
Middelalderen er ein historisk periode frå år 500 e. Kr til år 1500. Middelalderen betyr tida som ligger mellom antikken og nyare tid. Perioden blir også kalla den mørke middalder. Dette  på grunn av at det var ei tid som var dominert av kyrkjer og religion, og derfor blei perioden sett på som mørk og barbarisk av mange menneske.
Middelalderen som eit omgrep blei fyrst tatt i bruk på 1400-talet av italienske humanistar, som eit slagord. Slagordet uttrykte ringeakta for den føregåande tids kunst og litteratur til dei humanistiske italienarane.  

Det er vanleg å dele middelalderen inn i tre fasar. Fasane er ikkje delt inn etter klare avgrensingar i tid, men etter politiske, økonomiske, sosiale eller kulturforhold. Vi delar inn i:
  •        Tidleg middelader (frå år 500-1000)
  •        Høgmiddelalder (frå år 1000 – 1300)
  •        Seinmiddelalder (frå år 1300 – 1500)





Det er vanleg å sei at perioden, Middelalderen, byrjar med Vestromerrikets fall i 476, da Roma blei erobra av germanarane. Det seies også at oppdaginga av Amerika i 1492 og reformasjonen på byrjinga av 1500-talet er avslutninga til Middelalderen.

Middelalderen var ei viktig periode i verdens historie, også den norske. Det var i denne perioden at den katolske og den protestantiske kyrkja skilte lag, og det blei også oppretta mange kloster. Når det gjeld den norske historia var det i denne perioden at vi fekk einekonge i landet vår og vi fekk lover som gjaldt heile landet.

Kjelder:

DEL 2
Kva er høvisk litteratur?

Høvisk litteratur som kjem av det tyske ordet for ”hoff” er ein type litteratur frå perioden ”høgmiddelalderen”. Gud og Kristendommen stod høgt sentralt i høgmiddeladeren og dette viser igjen i litteraturen. Det meste av litterære verker frå denne perioden har eit sterkt religiøst innhald. Litteraturen i den perioden kunne delas inn i tre delar. Ein av dei var høvisk litteratur, som var motstykket til dei voldsamme religiøse tekstane om himmel og helvete.

Høvisk litteratur er igjen ”delt inn” inn to: lærde tekstar og riddardikting. Delane har til felles at begge kjem frå kongehoffa i Europa.
Riddardiktinga handlar om modige riddarar  fantastiske heltehovdar og ofte uoppnåeleg kjærleik. Det seies at riddardiktinga har innført eit nytt syn på kjærleiken – romantisk kjærleik. Eit eksempel på ei slik forteljing er Tristan og Isolde.



Dei lærde tekstane handla meir om filosofi, dydar, historie og vitskap.

I Norge var det kong Håkon Håkonsen som introduserte den høviske litteraturen til Norge då han omsette romanar og balladar til norrønt. Soga om Tristram og Isond blir rekna som den fyrste romanen i Norge.

Kjelder: