Bloggoppgåve
3
DEL 1:
På kvifor ein måte endra Gutenbergs oppfinning den vestlige verden?
Johann Gutenberg var ein tysk gullsmed og metallurg, og er berømt for
oppfinninga av boktrykkjarkunsten.
Det er mange menneske i dag som meiner at boktrykkjarkunsten er verdens
viktigaste oppfinning. Kvifor meiner dei dette?
![]() |
Johann Gutenberg |
Før boktrykkjarkunsten kom, rundt 1400-talet, var bøker eksklusivt og
dyrt som bare få menneskje tok seg rå til å eige. Dette var fordi bøkene blei skrivne
for hand og det var ofte mange dekorasjonar og illustrasjonar som gjorde at det
tok enda lengre tid å lage dei. Dette gjaldt ikkje berre originalen, men også alle kopiar
som blei laga.
Boktrykkjarkunsten blei som tidligare referert, funne opp rundt 1450,
mens reformasjonen, renessansen og oppdaginga av den nye verda kom omtrent 50
år seinare. At det er ligg ein samanheng her, er ikkje vanskeleg å legge merke
til.
Det Gutenberg gjorde med si oppfinning var å gjere bøkjer tilgjengelege
for alle, bøkjer blei trykkja i ei mengd man ikkje kunna ha førestilt seg
tidlegare. Dette førte igjen til at informasjon og kunnskap blei spreidd meir
enn før. Bøkene blei omsette til mange språk – folk kunne derfor lese bøker på
sitt eige morsmål, altså fleire folk kunne lese bøker. At informasjon blei
spreidd raskare, førte til at idear kunne spreie seg raskare som igjen førte
til ein utruleg vekst i utviklinga av alle typar vitskap, kunst, filosofi og alt anna man kunne skrive bøker om.
Dette visar at boktrykkjarkunsten nesten var grunnlaget for sjølve
moderne verda.
Nyare historisk forsking har også funne den viktigaste faktoren for at reformasjonen brøyt ut akkurat på denne tida; boktrykkjarkunsten.
Det som skjedde med dei 95 tesane, illustrerer veldig godt kor enormt
avgjørande den nye oppfinninga var. Med boktrykkjarkunsten kunne Luther dele
sine ord og idear mykje raskare enn før, men også på mange forskjellige språk,
slik at han nådde ut til ei mykje større gruppe folk. På denne måten utbreidde
protestantismen seg stort rundt i Europa.
Folk fekk også mykje kunnskap om naturvitskapen – dei fekk eit nytt
verdsbilete. Det var rundt denne tida at folk fekk vite at det var sola som
stod i sentrum og ikkje jorda. Denne teorien kunne astronomar rundt i Europa
studere og vidareutvikle, på grunn av kopier av som blei laga frå originalen.
Dette altså igjen på grunn av boktrykkjarkunsten.
Kjelder:
http://lektorsalen.wordpress.com/2008/12/12/renessanse-og-forklaring-boktrykkerkunstens-betydning/
http://infodesign.no/artikler/medieytring_3_3.htm
http://www.adressa.no/meninger/article1558101.ece
http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Gutenberg
Kjelder:
http://lektorsalen.wordpress.com/2008/12/12/renessanse-og-forklaring-boktrykkerkunstens-betydning/
http://infodesign.no/artikler/medieytring_3_3.htm
http://www.adressa.no/meninger/article1558101.ece
http://no.wikipedia.org/wiki/Johann_Gutenberg